Har du framleis PCar som køyrer Windows XP?

Då bør du oppgradere snarast! Den 8. april 2014 avslutta Microsoft teknisk støtte for Windows XP.

Les meir om dette her.

Kva betyr dette for deg?

Dette betyr blant anna at PCane ikkje lenger mottek sikkerheitsoppdateringar som beskyttar mot virus, spionprogramvare mm.
Blir det oppdaga sikkerheitshol  vil ikkje desse bli tetta, og dette vil gjere PCen sårbar for angrep.

Ein kan heller ikkje rekne med at nyutvikla programvare eller oppdaterte versjonar av eksisterande programvare vil komme til å fungere med Windows XP. Dette gjeld allereie ein del program, f.eks fungerer den nyaste utgåva av Microsoft Office-pakken berre med Windows 7 eller nyare.

På same vis vil nyare maskinvare heller ikkje fungere då produsentane har slutta å lage drivarar for Windows XP.

 
Kva kan du gjere?

Enkelt sagt må du skaffe deg ein nyare Windows-versjon.

I ein del tilfelle kan ein oppgradere eksisterande PCar til nyare Windows-versjonar, men er maskinparken gammal kan det vert lurt å investere i heilt nytt utstyr. Med nyare operativsystem på plass vil du vere sikra at du får sikkerheitsoppdateringar, og det vil dessutan vere støtte for det nyaste av programvare og maskinvare

Vardahei IT kan hjelpe dykk med heile prosessen med å fase ut XP og innføre nyare Windows-versjonar. Vi kan gå gjennom eksisterande utstyr, komme med anbefalingar om oppgraderingsveg og gjennomføre sjølve oppgraderinga.

Rådgjeving - Prosjekt - Drift

 

IT-sjef

Med ein IT-sjef - avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.

Slit du med å få oversikten?

Me har verktøyet du kan bruke for å presentere data frå ulike IT-system på ein oversiktleg måte.

Office 365, noko for di bedrift?

Les om kva Office 365 er for noko og korleis dette kan komme til nytte for deg og di bedrift.

Microsoft har avslutta support for Windows XP

Har du framleis PCar som køyrer Windows XP? Då lever du farleg og bør oppgradere snarast! Microsoft avslutta all teknisk støtte for Windows XP 8. april 2014.
Copyright 2018 Vardahei IT   /  Powered by MOOWE Content