Office 365, noko for di bedrift?
Brukar du ei gammaldags epostløysing? Ei løysing der det er tungvint å synkronisere epost mellom PC, Mac, mobilar/nettbrett? Ei løysing som ikkje har noko form for synkronisering av kalender eller kontaktar? Då kan det vere på tide å vurdere overgang til Microsoft Office 365.
Med Office 365 får du ei profesjonell skybasert epostløysing bygd på Microsoft Exchange - teknologien. Dette betyr at det er lett å få tilgang til epost, kalender og kontaktar, uansett kvar du er og uansett kva type eining du brukar.
Office 365 er ei teneste du leiger, det vil seie at du slepp å investere i dyrt utstyr lokalt, det er Microsoft som står for alt av drift og vedlikehald. Dessutan er det lett å tilpasse tenesta etter korleis behovet til bedrifta di endrar seg.
I tillegg til epostfunksjonaliteten får du også fleire andre nyttige funksjonar, f.eks:
- • Fillagring i skya, slik at du får tilgang til dokumenta dine uansett kvar du er
- • Tilgang til dei kjende Office-produkta som Word, Excel, Outlook, Powerpoint o.s.v (Webbasert, og avhengig av kva "pakke" du vel, også lokal installasjon for PC/Mac på opptil 5 einingar pr. brukar)
- • Skyoe for Business meldingsteneste
- • Sharepoint samhandlingsverktøy. Kan brukast til ei rekke funksjonar, f.eks intranett, felles fil- og dokumentarkiv og mykje meir.
Ta kontakt med oss for ein prat om fordelane og mulegheitene med Office 365, og ein gjennomgang av dei ulike pakkane som er tilgjengelege.