IT-sjef

Ein ordinær driftsavtale gir begge partar føreseielegheit mtp stabilitet og driftsikkerheit i IT-løysingane.

Men det vi ser, er at mykje av tida som blir brukt stort sett går til å vedlikehalde system og maskiner. Me trur at mange av dykk ville hatt nytte av å bruke litt meir tid på IT - planlegging og -strategi:  - Har me dei rette systema, er me rusta for framtidige behov og krav, jobbar me effektivt, bør me bli meir synleg på nett, er sikkerheiten god nok etc.?

Me lanserer no ei teneste som dykk kan kjøpe som ei påbygging til den ordinære driftsavtalen. Me har kalla tenesta IT-sjef. Som det ligg i namnet, ynskjer me å vera dykkar «IT-sjef» og vera ein diskusjonspartnar når det gjeld strategiske val av både eksisterande og nye løysingar.

Ved å sette dette på agendaen på same måte som ordinær drift, er me sikre på at dykk kjem til å sjå nytten av å tenka langsiktig. I eit leiarperspektiv bør IT vera noko ein har fokus på kontinuerleg og ikkje berre når noko går gale og ein treng Ad-hoc - hjelp.

Rådgjeving - Prosjekt - Drift

 

IT-sjef

Med ein IT-sjef - avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.

Slit du med å få oversikten?

Me har verktøyet du kan bruke for å presentere data frå ulike IT-system på ein oversiktleg måte.

Office 365, noko for di bedrift?

Les om kva Office 365 er for noko og korleis dette kan komme til nytte for deg og di bedrift.

Microsoft har avslutta support for Windows XP

Har du framleis PCar som køyrer Windows XP? Då lever du farleg og bør oppgradere snarast! Microsoft avslutta all teknisk støtte for Windows XP 8. april 2014.
Copyright 2018 Vardahei IT   /  Powered by MOOWE Content