Tenestebasert IT

Skytenester er kort forklart at ein vel å leige IT-tenester/program/plattformer i staden for å kjøpe og drifte dette sjølv. Det blir som om du leiger ein bil. Du skal då konsentrere deg om å køyre bilen, men alt av utgifter som forsikring, vegavgift, verditap etc er inkludert i den prisen du betalar i leige. Når du leverer bilen tilbake, stoppar utgiftene. Dei samme prinsippa gjelder for leige av IT. Du har eit IT-behov som er likt det mange andre har. Det er derfor kostnadseffektivt for leverandørane å drifte mange kundar i større datasenter. Som kunde er du då sikra at alt av vedlikehald/backup av data blir teke hand om, og du kan konsentrere deg om å utnytta systema best mogleg. 

Om det skulle skje endringar i verksemda di, f.eks færre/fleire tilsette, eller om det kjem nye system som erstattar dei gamle, er det raskt å justere dette. 

Bruken av skytenester er sterkt aukande, og dei store forskings- og teknologiselskapa som Gartner og Forrester spår at me berre er i starten av denne utviklinga. Ein bør likevel alltid gjere ei vurdering av kva tenester det er greit å flytte ut i skya. Enkelte system (spesielt fagsystem) har ofte "sære" trekk som ein bør sjekke før ein går for ei flytting. I tillegg er flytting til skya også i mange tilfelle ei endring i måten ein jobbar på, så ofte kan ein testinstallasjon vere lurt før ein tek steget.

Rådgjeving - Prosjekt - Drift

 

IT-sjef

Med ein IT-sjef - avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.

Slit du med å få oversikten?

Me har verktøyet du kan bruke for å presentere data frå ulike IT-system på ein oversiktleg måte.

Office 365, noko for di bedrift?

Les om kva Office 365 er for noko og korleis dette kan komme til nytte for deg og di bedrift.

Microsoft har avslutta support for Windows XP

Har du framleis PCar som køyrer Windows XP? Då lever du farleg og bør oppgradere snarast! Microsoft avslutta all teknisk støtte for Windows XP 8. april 2014.
Copyright 2018 Vardahei IT   /  Powered by MOOWE Content