Prosjektleiar for Gosh Norge

Vardahei IT har heilt sidan starten hatt eit godt samarbeid med Gosh Norge. Kjeden er landets største i profilbransjen og har 20 medlemmer over heile landet. Gosh jobbar målretta med å få på plass felles system og rutinar for å gjera kvardagen så effektiv som mogleg. Med ein liten kjedeadministrasjon er det heilt sentralt at ein slepp mange manuelle operasjonar, og at systema er godt integrert med kvarandre.

Vardahei har hatt ei prosjektleiarrolle for mange av dei nye prosjekta i kjeden. Me har bistått med implementering av felles ERP-løysing, felles driftsløysing og innføring av e-faktura. Pågåande prosjekt er val og implementering av ny netthandelsløysing for heile kjeden. 

Har du behov for å profilere di bedrift  - sjekk ut nettsidene til Gosh her og finn din lokale Gosh-forhandlar.

Rådgjeving - Prosjekt - Drift

 

Drift og brukarstøtte Vestlandsforsking

Vardahei IT har inngått avtale med Vestlandsforsking om drift og brukarstøtte

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane flyttar tenester til skya

Kunnskapsparken tek i bruk skya for fillagring og epost/kalender.

Serviceavtale Ellingsen Regnskapsservice

Ellingsen tek hand om rekneskapet, me sørgar for at alt lokalt datautstyr fungerer.

Prosjektleiar for Gosh Norge AS

Gosh Norge hadde behov for ein prosjektleiar då dei skulle implementere ny ERP-løysing for heile kjeden.

Byggmeister Tore Hovland tek i bruk skya

Byggmeister Tore Hovland hadde behov for ein gjennomgang av system og maskinvare.
Copyright 2018 Vardahei IT   /  Powered by MOOWE Content