Har du hugsa backup av skytenestene dine?

Mange er ikkje klar over at ein bør ha backup også for skyløysingar

I dag brukar svært mange verksemder Microsoft 365, Dropbox eller andre skytenester.

Det mange ikkje er klar over er kva vilkår leverandørane av desse tenestene har for backup av data. Mange trur at ein ikkje treng å tenke på backup sidan dette er noko leverandøren tek seg av. Dette er berre delvis rett.

Leverandørane har backuprutiner for å hindre datatap dersom det oppstår feil på deira side.

Men dersom du som kunde er uheldig og slettar filer eller andre data i vanvare kan du få problem. Dei fleste leverandørane tek vare på sletta data, men berre for ein kort periode før dei vert sletta permanent.

Dersom du ikkje oppdagar at du har sletta noko før lenge etterpå det har skjedd har du ingen måte få tilbake dette på. Ein annan trussel er kryptovirus som raskt kan spreie seg mellom PCar når ein synkronisere filer.

Brukar de Microsoft 365, Dropbox eller andre skytenester tilrår vi sterkt at de har ein eigen backup av desse dataene. De kan då “spole” langt tilbake i tid og gjenskape data.

Vi har ulike løysingar for dette, ta kontakt så finn vi alternativet som passar best for dykk.

Vil du vite meir?
Kontaktskjema

Send oss ei melding!

Relaterte innlegg

Prosjektleiing

Skal du gjennomføre eit større IT-prosjekt i bedrifta di og har behov for nokon som held i trådane?

IT-sjef

Med ein IT-sjef – avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.

IT-drift

Treng du nokon som kan ta ansvar for at IT-systema dine fungerer optimalt?

Pin It on Pinterest