Har du hugsa backup av skytenestene dine?

Mange er ikkje klar over at ein bør ha backup også for skyløysingar

I dag brukar svært mange verksemder Microsoft 365, Dropbox eller andre skytenester.

Det mange ikkje er klar over er kva vilkår leverandørane av desse tenestene har for backup av data. Mange trur at ein ikkje treng å tenke på backup sidan dette er noko leverandøren tek seg av. Dette er berre delvis rett.

Leverandørane har backuprutiner for å hindre datatap dersom det oppstår feil på deira side.

Men dersom du som kunde skulle vere uheldig og slette filer eller andre data kan du få problem. Dei fleste leverandørane tek vare på sletta data, men berre for ein kort periode før dei vert sletta permanent.

Dersom du ikkje oppdagar at du har slette noko før lenge etterpå har du ingen måte få tilbake dette på. Ein annan trussel er kryptovirus som raskt kan spreie seg mellom PCar når ein synkronisere filer.

Brukar de Microsoft 365, Dropbox eller andre skytenester tilrår vi sterkt at de har ein eigen backup av desse dataene. De kan då “spole” langt tilbake i tid og gjenskape data.

Vi har ulike løysingar for dette, ta kontakt så finn vi alternativet som passar best for dykk.

Vil du vite meir?

Send oss ei melding!

Relaterte innlegg

Pin It on Pinterest