Om oss

Vardahei IT held til på Campus Sogndal og tilbyr tenester innan rådgjeving, prosjektleiing og IT - drift. Me sel også datautstyr og programvare. Kundane våre er små og mellomstore bedrifter. Me er pr. i dag to tilsette. Begge byrja å jobbe i bransjen på 90-tallet og me har fått med oss mykje erfaring gjennom ei rekke ulike prosjekt me har delteke i. Sjå under for meir spesifikk erfaring, eller gå inn på prosjektsida vår for informasjon om noko av det me har jobba med.

Asbjørn Dale

Dagleg leiar og Senior IT-rådgjevar

Asbjørn har utdanning innan økonomi og data. Han har jobba 11 år som konsulent med ERP-system som fagfelt. I tillegg har han dei 5 siste åra jobba som IT-rådgjevar, der ulike implementeringsprosjekt har vore hovedfokus. Han har god forretningsforståing, er løysingsorientert og flink til å kommunisere. Oppdraga er ofte prosjektbaserte, og Asbjørn har lang erfaring med både å leia og vere deltakar i ulike prosjekt.

Mob: 9309 4567
E-post: asbjorn@vardahei.no

Bjarte Løland

Senior IT-rådgjevar

Bjarte har utdanning innan automasjon og IT og har over 25 års erfaring som IT-teknikar og systemkonsulent. Han har jobba mykje med implementering og drift av IT-system, bl.a som innleigd IT-ansvarleg hos ei rekkje verksemder. Bjarte er flink til å setje seg inn i problemstillingane til kundane, og velje rette løysingar ut frå dette. Han er ryddig og strukturert og gjer alltid jobben 100 %. Han er òg oppteken av å følgje med på trendar og utvikling i IT-marknaden og set seg lett inn i nye ting.

Mob: 9570 9577
E-post: bjarte@vardahei.no

Våre tenester

Prosjektleiing

Skal du gjennomføre eit større IT-prosjekt i bedrifta di og har behov for nokon som held i trådane?

IT-sjef

Med ein IT-sjef – avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.

IT-drift

Treng du nokon som kan ta ansvar for at IT-systema dine fungerer optimalt?

Pin It on Pinterest