IT-sjef

Med ein IT-sjef - avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.
Ein vanleg driftsavtale gir føreseieleg drift og vedlikehald av dei ulike IT-system du brukar i bedrifta di.
Men ein slik avtale dekkar i liten grad strategisk arbeid med å tenke framover og vurdere nye løysingar på lang sikt. Me trur at mange av dykk ville hatt nytte av å bruke litt meir tid på IT-planlegging. Har de dei rette systema? Er de rusta for framtidige behov og krav? Jobbar de effektivt nok? Bør de bli meir synleg på nett?
I eit leiarperspektiv bør IT vera noko ein har fokus på kontinuerleg og ikkje berre når noko går gale.
Ta kontakt med oss dersom du vil vite meir om ein IT-sjef – avtale
Eksempel på IT-sjef – oppgåver:
- Effektivisere bruk av IT internt og eksternt
- Lage og følge opp IT-strategiar
- Årleg revisjon av lisensar / utstyr / tenester
- Delta på leiarmøte og strategiarbeid i bedrifta
- Prosjektleiar ved innføring av nye IT-løysingar
Vil du vite meir?