Office 365, noko for di bedrift?

Les om kva Office 365 er for noko og korleis dette kan komme til nytte for deg og di bedrift.
Brukar du ei gammaldags epostløysing? Ei løysing der det er tungvint å synkronisere epost mellom PC, Mac, mobilar/nettbrett? Ei løysing som ikkje har noko form for synkronisering av kalender eller kontaktar? Då kan det vere på tide å vurdere overgang til Microsoft Office 365.

Med Office 365 får du ei profesjonell skybasert epostløysing bygd på Microsoft Exchange – teknologien. Dette betyr at det er lett å få tilgang til epost, kalender og kontaktar, uansett kvar du er og uansett kva type eining du brukar.

Office 365 er ei teneste du leiger, det vil seie at du slepp å investere i dyrt utstyr lokalt, det er Microsoft som står for alt av drift og vedlikehald. Dessutan er det lett å tilpasse tenesta etter korleis behovet til bedrifta di endrar seg.

I tillegg til epostfunksjonaliteten får du også fleire andre nyttige funksjonar, f.eks:

  • Fillagring i skya, slik at du får tilgang til dokumenta dine uansett kvar du er
  • Tilgang til dei kjende Office-produkta som Word, Excel, Outlook, Powerpoint o.s.v (Webbasert, og avhengig av kva “pakke” du vel, også lokal installasjon for PC/Mac på opptil 5 einingar pr. brukar)
  • Teams samhandling- og meldingsteneste
  • Sharepoint samhandlingsverktøy. Kan brukast til ei rekke funksjonar, f.eks intranett, felles fil- og dokumentarkiv og mykje meir.

Ta kontakt med oss for ein prat om fordelane og mulegheitene med Office 365, og ein gjennomgang av dei ulike pakkane som er tilgjengelege.

Vil du vite meir?
Kontaktskjema

Send oss ei melding!

Relaterte innlegg

Ingen resultater funnet

Siden du ser etter ble ikke funnet. Prøv å omformulere søket ditt, eller bruk menyen.

Pin It on Pinterest