Rådgjeving
Treng du råd om IT-løysingane dine?
Treng du assistanse til å velje rett IT-løysing? Eller er du usikker på om dagens løysing fungerer så bra som den bør? Då kan me hjelpe deg.
Med lang fartstid i IT-bransjen har me etter kvart opparbeida oss mykje erfaring og kompetanse på ulike fagområde. Me følgjer trendane i markedet og held oss orientert om og testar mange av dei nye løysingane. Me kan hjelpe deg med å finne kva løysingar som passar best for ditt selskap, og kva de bør styre unna.
Av og til kan det vera greit å diskutere IT-løysingar med nokon som ikkje har bindingar til produkt eller leverandørar. Me sit på same side av bordet som deg og kan hjelpe deg med å vurdere løysingar når viktige IT-beslutningar skal takast.
Eksempel på prosess:
- Kva er dagens situasjon?
- Kva vil ein oppnå?
- Kva budsjett har ein å halde seg til?
- Me gjennomfører kartlegging av kva tenester, programvare og maskinvare som er i bruk i dag
- Utfrå denne kartlegginga vil me komme med forslag til tiltak. Kan ein halde fram med å bruke delar av dagens løysing? Kva må fornyast eller oppgraderast?
Vil du vite meir?