Tenestebasert IT

Kva er ei skyteneste?
Skytenester er kort forklart at ein vel å leige IT-tenester/program/plattformer i staden for å kjøpe og drifte dette sjølv. Det blir som om du leiger ein bil. Du skal då konsentrere deg om å køyre bilen, men alt av utgifter som forsikring, vegavgift, verditap etc er inkludert i den prisen du betalar i leige. Når du leverer bilen tilbake, stoppar utgiftene. Dei samme prinsippa gjelder for leige av IT. Du har eit IT-behov som er likt det mange andre har. Det er derfor kostnadseffektivt for leverandørane å drifte mange kundar i større datasenter. Som kunde er du då sikra at alt av vedlikehald/backup av data blir teke hand om, og du kan konsentrere deg om å utnytta systema best mogleg.

Om det skulle skje endringar i verksemda di, f.eks færre/fleire tilsette, eller om det kjem nye system som erstattar dei gamle, er det raskt å justere dette.

Bruken av skytenester er sterkt aukande, og dei store forskings- og teknologiselskapa som Gartner og Forrester spår at me berre er i starten av denne utviklinga. Ein bør likevel alltid gjere ei vurdering av kva tenester det er greit å flytte ut i skya. Enkelte system (spesielt fagsystem) har ofte “sære” trekk som ein bør sjekke før ein går for ei flytting. I tillegg er flytting til skya også i mange tilfelle ei endring i måten ein jobbar på, så ofte kan ein testinstallasjon vere lurt før ein tek steget.
Vil du vite meir?

Send oss ei melding!

Relaterte innlegg

Pin It on Pinterest