Office 365, noko for di bedrift?
Med Office 365 får du ei profesjonell skybasert epostløysing bygd på Microsoft Exchange – teknologien. Dette betyr at det er lett å få tilgang til epost, kalender og kontaktar, uansett kvar du er og uansett kva type eining du brukar.
Office 365 er ei teneste du leiger, det vil seie at du slepp å investere i dyrt utstyr lokalt, det er Microsoft som står for alt av drift og vedlikehald. Dessutan er det lett å tilpasse tenesta etter korleis behovet til bedrifta di endrar seg.
I tillegg til epostfunksjonaliteten får du også fleire andre nyttige funksjonar, f.eks:
- Fillagring i skya, slik at du får tilgang til dokumenta dine uansett kvar du er
- Tilgang til dei kjende Office-produkta som Word, Excel, Outlook, Powerpoint o.s.v (Webbasert, og avhengig av kva “pakke” du vel, også lokal installasjon for PC/Mac på opptil 5 einingar pr. brukar)
- Teams samhandling- og meldingsteneste
- Sharepoint samhandlingsverktøy. Kan brukast til ei rekke funksjonar, f.eks intranett, felles fil- og dokumentarkiv og mykje meir.
Ta kontakt med oss for ein prat om fordelane og mulegheitene med Office 365, og ein gjennomgang av dei ulike pakkane som er tilgjengelege.
Relaterte innlegg
Slit du med å få oversikten?
Me har verktøyet du kan bruke for å presentere data frå ulike IT-system på ein oversiktleg måte.
Serviceavtale Ellingsen Regnskapsservice
Ellingsen tek hand om rekneskapet, me sørgar for at alt lokalt datautstyr fungerer.
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane flyttar tenester til skya
Kunnskapsparken tek i bruk skya for fillagring og epost/kalender.