Kontaktinformasjon
På facebook
Vardahei IT har pr. i dag to tilsette. Frå me begge byrja å jobba i ADCom Sogndal på 90-tallet har me fått med oss mykje erfaring og delteke i mange ulike prosjekt.
Sjå under for meir spesifikk erfaring, eller gå inn på prosjektsida vår for informasjon om nokre prosjekt me har jobba med.
Dagleg leiar og Senior IT-rådgjevar
Asbjørn har utdanning innan økonomi og data. Han har jobba 11 år som konsulent med ERP-system som fagfelt. I tillegg har han dei 5 siste åra jobba som IT-rådgjevar, der ulike implementeringsprosjekt har vore hovedfokus. Han har god forretningsforståing, er løysingsorientert og flink til å kommunisere. Oppdraga er ofte prosjektbaserte, og Asbjørn har lang erfaring med både å leia og vere deltakar i ulike prosjekt.
Mob: 9309 4567 E-post: asbjorn@vardahei.no
Senior IT-rådgjevar
Bjarte har utdanning innan automasjon og IT og har nesten 20 års erfaring som IT-teknikar og systemkonsulent. Han har jobba mykje med implementering og drift av IT-system, og som innleigd IT-ansvarleg for ei rekkje verksemder. Bjarte er flink til å setje seg inn i problemstillingane til kundane, og velje rette løysingar ut frå dette. Han er ryddig og strukturert og gjer alltid jobben 100 %. Han er òg oppteken av å følgje med på trendar og utvikling i IT-marknaden og set seg lett inn i nye ting.
Mob: 9570 9577 E-post: bjarte@vardahei.no