Rådgjeving

Treng du råd om IT-løysingane dine?

Treng du assistanse til å velje rett IT-løysing? Eller er du usikker på om dagens løysing fungerer så bra som den bør? Då kan me hjelpe deg.

Med lang fartstid i IT-bransjen har me etter kvart opparbeida oss mykje erfaring og kompetanse på ulike fagområde. Me følgjer trendane i markedet og held oss orientert om og testar mange av dei nye løysingane. Me kan hjelpe deg med å finne kva løysingar som passar best for di bedrift, og kva de bør styre unna.

Av og til kan det vera greit å diskutere IT-løysingar med nokon som ikkje har bindingar til produkt eller leverandørar. Me sit på same side av bordet som deg og kan hjelpe deg med å vurdere løysingar når viktige IT-beslutningar skal takast.

 

Eksempel på prosess:
  • Kva er dagens situasjon?
  • Kva vil ein oppnå?
  • Kva budsjett har ein å halde seg til?
  • Me gjennomfører kartlegging av kva tenester, programvare og maskinvare som er i bruk i dag
  • Utfrå denne kartlegginga vil me komme med forslag til tiltak. Kan ein halde fram med å bruke delar av dagens løysing? Kva må fornyast eller oppgraderast?
Vil du vite meir?
Kontaktskjema

Send oss ei melding!

Relaterte innlegg

Prosjektleiing

Skal du gjennomføre eit større IT-prosjekt i bedrifta di og har behov for nokon som held i trådane?

IT-sjef

Med ein IT-sjef – avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.

IT-drift

Treng du nokon som kan ta ansvar for at IT-systema dine fungerer optimalt?

Pin It on Pinterest