IT-drift

Treng du nokon som kan ta ansvar for at IT-systema dine fungerer optimalt?

 

Det er ikkje alt som kan løysast med skytenester. I mange tilfelle vil det framleis vere behov for lokale serverar, og uansett vil ein ha infrastruktur og maskinvare som routerar, PCar og skrivarar lokalt. Mange mindre bedrifter har ikkje eigen IT-avdeling og drift og vedlikehald av IT-løysingane vert ofte forsømt. Treng du nokon som tek ansvar for at “boksane” dine fungerer som dei skal, ta kontakt med oss!

Vi kan ta enkeltoppdrag ved behov, men vi vil anbefale teikning av ein driftsavtale der du som kunde kjøper ein “pakke” med timar som du kan bruke gjennom året. Vi set opp ein avtale tilpassa dykkar behov.

Kva fordelar gir ein driftsavtale:
  • Periodisk sjekk, der vi bl.a kontrollerer “helsetilstanden” til IT-løysinga di, sjekkar at backup går som den skal, og køyrer oppdateringar av Windows og anna programvare. Desse jamnlege sjekkane gjer også at vi blir meir “kjent” med IT-løysinga og dermed raskare kan lokalisere og rette feil som måtte oppstå.
  • Dokumentasjon av IT-løysinga og endringar som vert gjort.
  • Lågare timepris.
  • Prioritet framfor kundar uten avtale.
Vil du vite meir?

Send oss ei melding!

Relaterte innlegg

Prosjektleiing

Skal du gjennomføre eit større IT-prosjekt i bedrifta di og har behov for nokon som held i trådane?

IT-sjef

Med ein IT-sjef – avtale som påbygg til ein driftsavtale hjelper vi deg med planlegging og strategiske val.

Pin It on Pinterest