Prosjekt

Med lang fartstid i IT-bransjen har me etterkvart opparbeida oss mykje erfaring og kompetanse på ulike fagområde. Endringar i bransjen skjer lynraskt, nye trendar dukkar opp og blir eit behov du ikkje visste du hadde. Selskap som ingen hadde høyrt om for under eitt år sidan er plutseleg på topp i lister over dei raskast veksande selskapa i verda. 

Me følgjer desse trendane frå dag til dag og held oss orientert om og testar mange av dei nye løysingane. Me kan hjelpe dykk med å finne kva løysingar som passar best for dykkar selskap, og kva dykk bør styre unna. Å velje feil løysing er noko som ikkje berre svir økonomisk, men som òg stel krefter og motivasjon frå dei tilsette. Me har sidan oppstarten fått høve til å jobbe med mange spanande prosjekt og kundar. 

Av og til kan det vera greit å diskutere IT-løysingar med nokon som ikkje har bindingar til produkt eller leverandørar. Me sit på same side av bordet som dykk og kan hjelpe dykk å vurdere løysingar når viktige IT-beslutningar skal takast. 

Sjå under for nokre av dei prosjekta me har jobba med.

Rådgjeving - Prosjekt - Drift

 

Drift og brukarstøtte Vestlandsforsking

Vardahei IT har inngått avtale med Vestlandsforsking om drift og brukarstøtte

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane flyttar tenester til skya

Kunnskapsparken tek i bruk skya for fillagring og epost/kalender.

Serviceavtale Ellingsen Regnskapsservice

Ellingsen tek hand om rekneskapet, me sørgar for at alt lokalt datautstyr fungerer.

Prosjektleiar for Gosh Norge AS

Gosh Norge hadde behov for ein prosjektleiar då dei skulle implementere ny ERP-løysing for heile kjeden.

Byggmeister Tore Hovland tek i bruk skya

Byggmeister Tore Hovland hadde behov for ein gjennomgang av system og maskinvare.
Copyright 2018 Vardahei IT   /  Powered by MOOWE Content