Byggmeister Tore Hovland tek i bruk skya
Byggmeister Tore Hovland hadde behov for ein gjennomgang av system og maskinvare.
Me gjennomførte ei total kartlegging av kva tenester, programvare og IT-utstyr Byggmeister Tore Hovland nytta. Utfrå denne kartlegginga anbefalte me å gjennomføre ein del tiltak til forbetringar. I første omgang implementerte vi ei Office 365 – løysing for dei for å betre tilgang/synkronisering av epost/kalender på tvers av ulike einingar/lokasjon. I tillegg blei den gamle serveren deira skifta ut, me gjorde jobben med installasjon av ny, samt migrering av data og programvare frå den gamle serveren.
Dei har òg teikna serviceavtale med Vardahei IT, der me månadleg sjekkar driftskritiske tenester og gjer førebyggande tiltak for å unngå nedetid.
Vil du vite meir?
Nokre av prosjekta våre
Prosjektleiar for Gosh Norge AS
Gosh Norge hadde behov for ein prosjektleiar då dei skulle implementere ny ERP-løysing for heile kjeden.
Drift og brukarstøtte Vestlandsforsking
Vi driftar IT-løysingane til Vestlandsforsking